Bakeriet er stengt for sesongen, men det er fortsatt mogeleg å tinge hytter og arrangementer på bestilling

  • 190156_264754093636001_733635312_n

    Bakeriet og restauranten er open heile sommaren.

  • MikeSkinnerFoto 323

    Sjå våre makelause hytter

  • Skjermbilde 2015-10-23 kl. 11.59.48

    Kom og hels på dyra våre

Sving innom
for ein pause!

  • Enten du kjem frå aust eller vest langs E 134, bør du leggje kvilepausa til Mjonøy i Vinje. I sommarmånadane har me ope kvar dag. Me har steinomnsbakeri, gardsmatutsal, kafe med middagsservering, kunstutstilling og handverksutsal. Alt samla i eit triveleg gardstun.

    Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er er basert på råvarer frå Telemark. Du kan gå i bakeriet og forsyne deg av store, fristande skillingsbollar eller brød frå den vedafyrte steinomnen. Fristar det å bli lengre har me hytter som dekkjer ulike behov og i tilegg ein liten campingplass. På tunet kan du møte på ulike gardsdyr i høgsesongen.

    Elvene Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn rett forbi og byssar deg i søvn.

  • DSC_3444torunn 354-2

Takk til alle som vitja oss i sommar, me sjåast att i juni neste år

På Mjonøy får du kjensla av å koma på støylen i gamle dagar. Her har me 13 unike tømmerhytter til leige.

Hyttene er samla inn frå gardar i Vest-Telemark og har hatt ulike bruksmåtar. Det var Alv Nergarden frå Smørklepp som byrja å samle inn tømrene i slutten av femti-åra, Alv ville laga ein annleis campingplass. Husa vart demontera og sett opp att på Mjonøy til overnatting. Fire av desse  hyttene  har  med åra fått noko høgare standard med nye tilbygg og dusj og toalett.

  • Skjermbilde 2015-10-23 kl. 17.13.00

  • Skjermbilde 2015-10-23 kl. 17.12.40

Takk til alle som delar bilete på Instagram #mjonøy